onsdag 23. mai 2007

Referat frå mandag 21.mai 2007

Måndag var ein stor dag i fotballens namn. Ingen gong har så mange av knøttene vore samla til dyst i bingen på festninga. Dette var siste gong for Bjarte før han sett nasa si nordover mot studium på grensene mot Arktis, så denne dagen måtte me få ut alt. Me var heile ni i talet og alt så ut som om det kunne verta ei stor fotball økt. Og det blei det sannelig. Med så mange spelarar var me i starten usikre på korleis me skulle dele inn laga. Skulle me gå for ein tre lags strategi eller eit fira mot femmar lag. Me gjekk for siste og angra ikkje. Festfotballen starta med at unge lovande Helle satt fem kjappe i nettmaskene før nokon andre hadde reagert. Men desse vart annullert for treninga var ikkje heilt offisielt i gang. Det gjorde heller ingenting, for eit lag av større dimensjonar var i emning. Eit lag som ein skal leit lenge etter. Sverre og Hans Olav hadde den deffansive rolla og jobba meget effektivt. Dei satt fine gjennombrudspassningar til duoen Arne og Anders framme, desse to jobba hard forran mål og ingen klarte å redde ballen før den låg trygt i lengste hjørna. Første kampen enda 15-6 noko som var svært tilfredstillande for det sigrande laget. Ikkje mindre smaka det av når taparlaget ville ha revange men tapte i den andre kampen og 15-7.I denne kampen var det også ein kontroversiell hending. Noko som kunne ha enda i fyrste straffespark i skruknøttenes historie. Det hadde seg sånn at ballen låg klart til rette for at Andikk kunne sette ballen i mål, men var kun ein liten laupetur unna. Anders valte da å dra han litt i skjorta og det heile enda med at han ikkje fekk fart på kroppen. Ballen vart klarert, men etter harde diskusjonar enda det berre med eit frispark. Resten av kampane fortona seg ganske vanlig og gjevne. Einaste som var ein gjengangar i vinnarlaget var at det som oftast innehaldt fire spelarar og Arne og Hans Olav. Ein honnør til desse to for knall hard jobbing. Da tre timar var gått var det vell kun melkesyra som jobba i dei fleste kroppane våre. Og me var meir slitne enn på lenge. Heilt på tampen av siste kampen fekk Arild slått opp igjen siste rest av ein den gamle skaden og i skrivande stund lurer me på korleis det går med den??

Men fotballfokuset denne kvelden hadde så vidt starta. Etter at alle hadde fått seg ein god dusj og Peppes hadde laga kvelds til oss satt me samla hos Bjarte etter at han hadde invitert heile banden på taktisk trening heime i stova i Lille Øvregate. Kveldens program var diskusjon rundt temaet ”cup i sommar” og ein klassikar av ein fotballfilm. Me kom fram til at helga som passa for dei fleste var 4.aug der det då vil vera arrangert ein cup i Vaksdal med namn Vertshuscup. Eg kan med dette informera med alle mine medspelarar evt. motspelarar i knøttene at Bjarte har sjekka nærare opp i saka og funne ut at meir info om cupen vil komme på sida http://www.fkdv.no/ innan tre vekers tid. Siste post på programmet måndag var filmen ”Den sista matchen” med store fotball heltar som Pelè, Sylvester Stallone og Halvard Thoressen. Dramaet utspann seg under siste verdskrigen og var rett og slett ein knakande god film og eit verdig punktum på denne fest dagen. Takk til Bjarte som opna heimen sin for oss alle.

Men i dag 23.mai er også ein viktig dag for fotballglad ungdom. John Arne og hans Liverpool skal på banen mot eit lag i frå italien i noko dei kallar Champions League. I denne anledning har Arne kjøpt seg ny drakt og han vil vise fram denne og fotballkampen på fotballpuben som han arrangerer i Skottegaten 16 frå ca kl 20. Håpar du kan komme!!

9 kommentarer:

Anonym sa...

det må vera noko tull med voten, sidan det har tikka inn 11 stemmer. trur me må avblåsa heile driten.

Anonym sa...

Rekdal?? Når ble du en sånn sytepave, eller det har du jo alltid vært.. men når ble du sånn en sissyboy? Pyse hoho asbjørnsen eller jente om du vil? trodde du tålte litt tysk avstraffning.. det e bare å stille seg opp mellom stengene førstkommende mandag med den bleike låvedøren din vendt mot banen!

Solseng sa...

Honnør til Arne og Hans Olav for flott fotball, men minnar om at de i siste kampen ble feid av banen med utklassingssiffer. Trur det var 6-0 før Arne reduserte.

Arne sa...

Viss dei personane som har stemt og ikkje høyrer til Skruknøttene ikkje gir beskjed om kven dei er og kven dei har stemt på vert me nøydd til å avblåse vote'en. Ikkje vondt meint, men det er ikkje heilt rettferdig overfor dei det går ut over.

Arne sa...

Eg bles av vote'en! eg må finna ein betre måte å gjer dette på...

Anonym sa...

blir da trening i måro.. når da e brann-kamp?

Solseng sa...

Eg syns me må tromma sammen til trening før kampen, den begynne kl 18.00. Kanskje trening kl 16.00? Gi meg litt feedback her..

Anonym sa...

eller ka med idag kl 18? eller 19?
Så kan vi ta en taktiske treningen i morgen, der vi analyserer Mons og hans menn..
Dette må jo avklares ganske rakst så alle får det med seg, må vel ringe folk vis det blir idag.. om ikke stiller eg kl 4 i morgen også, men då e tiden veldig knapp å eg burde lese til eksamen!

Anonym sa...

eg e klar for 4 i måro.. men eg har jo kje so møkje anna då..