Kampen fortsatte etter dette og Liverpool storspelte. Dagens helt må kunne seiast å vera Steven Gerrard, til tross for at Arild Blålid kjempa hardt for å overbevisa oss om kor god Fernando Torres eigentleg er. Men då kampen var omme og Liverpool hadde vunne heile 5-0, gjekk fokuset på ny over til samlinga av skruknøttar. Øystein hadde sørgja for at kvar enkelt skruknøtt fekk med seg heim ein aldri så liten pokal, ein sølvfarga mann, som takk for godt samarbeid i 2007. I samanheng med dette vart det satt saman eit råd beståande av underteikna (Arne Stautland) og Bjarte Børtveit for å finne ein "årets"-tittel for kvar einskild spelar på laget. Denne tittelen vart kleistra med ein post-it-lapp på undersida av pokalen.
Utnemnelsane var som følgjer:
Anders Helle - Årets framgongsrike

Andreas Bjordal - Årets ildsjel
Arild Blålid - Årets sweeper (dobbel betydning)
Arne Stautland - Årets samvitsfulle
Bjarte Børtveit - Årets eldsjel (tittel på Arne og Bjarte er gjeven av dei resterande spelarane)
Erlend Thoresen - Årets missforståtte (ein bekreftelse på at Erlend truleg har meir rett enn han får cred for)
Hans Olav Røyr - Årets runner-up
Terje Bringsvor Nilsen - Årets permiterte (ein tittel Anders truleg tek over til sommaren)
Vegard Markhus - Årets kjøp
Øysten "Chacou" Solsvik - Årets snillaste bannar (pøkk!)
Me burde sjølvsagt gitt ein premie til Sverre Soleng også for den tenesta han har gjort for klubben, men då måtte nokon ha ofra pokalen sin og det ville ikkje vore særleg aktuelt. Som ein trøst, Sverre, så kan du kosa deg med tittelen "Årets Quizling" som er ein litt vond tittel å gi, men det er utelukkande positivt meint. Me saknar deg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar