onsdag 16. januar 2008

Samandrag Måndag 14.01.08

Åtte ivrige Skruknøtter kunne måndag loggføre å ha vært på trening. De oppmøtte var Bjarte (underteikna), Arne, Arild, Vegard, Anders, Øystein, Erlend og Hans Olav. Med andre ord eit relativt godt oppmøte!
Unge Bjordal måtte bruke kvelden til å spela trommer, og Terje var på jobb.
Oppstart for treninga vart litt forsinka sidan to lokale gutungar nytta høvet til å spela litt ball i bingen, den var tross alt tom før me kom. Det viste seg etter kvart vanskeleg å få gutekvalpane vekk, så me tydde til slutt til suksess verkemiddelet over alle andre. Uansett kvar ein er i verda kan barn bestikkast med pengar. 10.50 NOK kosta det å lure karane vekk.

Då treninga tok til vart det fort eit høgt og godt tempo. Underteikna var på lag med Erlend, Hans Olav og Anders dei to første kampane og me blei knust! Vell vell etter å ha rokert litt på laga vart det ikkje betre for meg, men andre fekk oppleva å vinna, og det tykte eg var kjekt å sjå.
Utanom at eg var nær å knekke handa til Anders då eg trefte han med eit hardt skudd kommer eg ikkje på så mange andre spesielle hendingar frå økta. Økta var tett og god og eg fokuserte på eigne prestasjonar etter beste evne, difor har nok enkelte andre ting gått litt i gløymeboka. Idrett handlar som me veit om fokus. Eg hadde fokus på meg!

Eg vil nytta høvet til tørka støv av ein gammal sleger og kåra dagens prestasjon og dagens tabbe.
Dagens prestasjon trur eg får gå til Erlend som scora eit kremmarhus med venstrefoten. Anders gjorde og ein fin figur med å i kjent stil scora ein del mål.
Dagens tabbe vert delt mellom Hans Olav og meg sjølv. Hans Olav får tittelen fordi han skøyt ballen over muren så mange gonger att eg mista teljinga. Og eg får tittelen fordi det truleg såg litt teit ut då eg tørrtrena på nokre frekke finter, trokka på ballen og fall i eine pausen. Morosamt for fleire, lærerikt for meg.
Eg kan faktisk ikkje huska heilt kven som stod i mål på rævsparket. Eg veit det var fire, men huskar bere Arne og sjølvsagt Hans Olav. Uansett vart det ikkje blink på nokon av skyttarane sjølv om eg meiner å huske at Erlend var nære.

Jeppsi peppsi då var samandraget ferdig! Gler me oss til neste måndag? Japp! Det er både snickers og twist!

Mvh
Bjarte

1 kommentar:

Anonym sa...

ikkje løye at du ikkje husker alle som stod i mål på rævsparket..det var nok eit uvanleg syn å sikte på bakenden min etter gamalt...eg har ikkje stått i mål sidan me spelte på festningen! ellers eit nydelig referat...fint fokus!!