søndag 6. januar 2008

Eine kleine montag


I morgon tel me 7. januar, og i det Herrens år 2008 fortel kalenderen vår oss at denne datoen fell på ein mondag. Mondag, som frå gamalt av er månen sin dag, er også skruknøttene sin store dag. Mondag har fått namnet sitt frå Mona, den saksiske månegudinna. I Spania kallar dei mondag for lunes og i Frankrike lundie. Dei som er glad i billig raudvin kjenner kanskje til Luna (smakar litt som husholdningssaft). Luna tyder som dykk sikkert skjønar måne. I følgje den internasjonale standaren (ISO 8601) er mondag den første dagen i veka, men i enkelte land reknar ein mondagen som den andre dagen i veka. Namnet for mondag på språk som gresk, arabisk, hebraisk og portugisisk er "andre dag". Også i gamal jødisk tradisjon er sundagen den første dagen i veka. Den siste av dei sju dagane tok Gud seg ein pause frå arbeidet med skaparverkjet. Denne dagen kalla jødane for sabbat, me kaller den laurdag.

Det eg vil fram til er at i morgon er den andre dagen i veke 2 i 2008, og det er på tide å snøra på seg fotballskoa. Er alle mann alle klare for det?

10 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er klar for fussball i morgon.

Korleis blir det med joletrefesten forresten? Er det i morgon me har tenkt å kosa oss litt ekstra, eller er det vanleg trening ved Støletorget?

Anonym sa...

Eg er klar for trening i morgen!

Mye kjekkere å se Armstrong enn en hestepilletygger på bildet i innlegget... Tror Juletrefesten må avtales i morgen.

Anonym sa...

eg e superklar!

Anonym sa...

I'll be there!

Anonym sa...

Ser for meg at det vert avtalt tid og sted for juletrefesten i måro!

Etter alpin egentrening slit eg litt med eit kranglette kne.. Ska testa det i morgon, men me må nok setta eit stort spørjeteikn bak navnet mitt i måro...

Anonym sa...

Har du ikkje høyrt om lokalbedøving?

Anonym sa...

eg e spellekåt som ein ung hingst!
Gleder meg storveis. Har faktisk to kranglete knær, men legger meg ikke ned av den grunn:)
Vegard er også med..

Anonym sa...

eg e med....trenge da så sinnsjukt!

Anonym sa...

Fytti katta! Hadde egentlig tenkt å seia nei fordi eg drive med sånn penicilinkur-drit, men kjenne at eg virkelig må vurdera ditta på nytt. Eg gir ein attendemelding litt seinare viss eg kjem, viss ikkje, count me out.

Anonym sa...

Etter å ha kjørt nokre intervallar i trappene på fakultetet innser eg at det bere er til å bita i det sure eplet og melde forfall til dagens økt. Håper og trur eg kjem sterkt tilbake neste mondag!