fredag 17. oktober 2008

Ein liten observasjon!

Etter den føregåande treninga snakka me litt om at me måtte bytta binge til neste gong, grunna dårlige lysforhold på festninga. Det er vel og bra det, men: Eg var i dag ute og inspiserte litt i eit friminutt ved Krohnengen skule, og tok turen ned til bingen som neste mandag ville vore vårt opplagte førsteval. Forholda i denne bingen er på ingen måte tilfredsstillande. Overvatn, lauv og gjørme framføre måla og i hjørna var realiteten. Det vil sei høg risiko for skadar og låg risiko for fin fotball.

Eg etterlys difor innspel frå DEG! Veit DU ein anna stad me kan spela fotball utan at ballane flyg inn i tussemørket når litlevisaren peikar midt mellom sjutalet og åttetalet?

Erlend

2 kommentarer:

Anonym sa...

Viss noken har lyst å joina meg så e eg villig te å ta med kost og reinska banen for skit ein time før trening neste gong. Korleis e dugnadsånda i ffsk?

Anonym sa...

Det kan eg sikkert vera med på, men eg har ikkje noko kost. Men om me har eit anna godt alternativ til bane, så er nok det det beste. Det er jo alltid så mykje ungar og slikt ved Støletorgbingen.