tysdag 7. oktober 2008

Me blør for drakta!



Den 6. oktober 2008 går inn i historiebøkene som den mest smertefulle dagen i knøtters minne. Dette var dagen då flott vær og fin fotball kom i skuggen av latterleg store mengder av knall og fall. Skribenten sjølv sit her med ein "deisige" blåveis (les: stor heving, mørk lilla farge og ukontolerbar veskeproduksjon) og nedsatt sidesyn på venstre auga.

Men det var ikkje berre underteikna som fekk "smaka på steiken" denne dagen. Hans Olav fekk smertefult erfare kor lunefulle fuktige haustløv kan vera, då han i "tok ein Bambi" og mista fotfeste. Han planta beina sin fint inn i det nederste bordet i vantet, men uheldigvis for han var nettopp det bordet ikkje til stade. Det medførte store smerter, då leggene fekk eit ublitt møte med bordet over. Vegard på si side fekk sjå både Orions belte og Karlsonsvogna då han gjekk opp i hovudduell med skribenten. Me tykkjer begge at stjernekikkert er oppskrytt, då det er mykje billegare å gjera det på denne måten. Vegard fekk seg ein Donald-kul i panna. Eg fekk følgande beskjed når eg kom heim til kånemor, og eg siterer: "Åh...du som var så fin!"

Dei som måtte eta mest steik var likevel våre to gjester, Frank og Frode. Me har jo for vane å behandla gjestene våre fint, og det fekk desse to karane smerteleg erfara. Frode fekk først planta ein ball midt i naseskaftet (det kan eg ta på meg skulda for), men Hans Olav meinte ikkje dette var godt nok, så han fyrte av eit prosjektil av eit skot rett i øyra på stakkaren. Som alle veit er desse kroppsdelane på andre- og tredjeplass over smertefulle plassar å få seg ein karamell. Førsteplassen på denne lista treng eigentleg ikkje noko vidare presentasjon, men det får den likevel. Dagens mest uheldige, Frank, fekk nemlig ballen midt i bestikket, ikkje berre ein gong, men to. For å toppe det heile tryna han ein gong over vantet og avslutta det heile med at dagens mest blodtørstige, Hans Olav, traff han rett i sitteputa under øktas avstraffingsrituale. Det gjenstår å sjå om dei kjem på fleire treningar.

Forutan all denne smerten, var det faktisk ei fin økt. Det var gode og tette kampar og mykje fint spel.

Dei som møtte opp var: Vegard, Arne, Hans Olav, Andreas B., Arild, Erlend, Frank og Frode.

Ha ei fortsatt flott veka, knøttar!

Mvh. Erlend

1 kommentar:

Anonym sa...

Flott referat Erlend. Det var en tøff økt på mandag. Eg vil berømme deg for den flotte blåveisen du har fått deg. Fryktløsheten(dumskapen)i duellene er forbiledlig!