torsdag 10. april 2008

Referat frå treninga sist måndag

Litt seint, men alikevel godt, kjem no eit lite referat frå sist knøtteøkt.

Nok ein gong ser me tendensar på at Skruknøttene er på veg opp og fram. Ikkje berre kan me seie at prestasjonane har auka i kvalitet, men og antalet knøttar har og auka med ca 20%. Til ståande applaus ønska me Andreas M og Bernt velkomen inn i gjengen. Både Andreas og Bernt har vist seg verdige til å motta ein plass i laget og har sagt seg villig til å ofre det meste for å stille på trening.

Første kamp me spelte går inn i rekkene av brakseirar, aldri før har eg vore vitne til at eit lag har vorte banka 15-2 (rett meg gjerne). Etterkvart kom det litt fleire folk, slik at begge lag vart litt endra, noko som gjorde at laga vart litt jamnare. Alikevel må det seiast at det var tre personar som spela på lag heile tida som og kan skryte av å ha vunne alle dagens kampar. Her finn me multikunstnaren Erlend Thoresen som forøvrig og stilte i ny grilldress, me finn nyknøtten og midtbaneanker Andreas Morland, og til slutt ungløva Arne Stautland som skyt like ofte som John Arne Riise og bommar vel så ofte.

Som avslutning på dagen vart det sjølvsagt rævspark og Andreas ganger to stilte bakstussen til værs. Ingen traff nokon av dei to bakendane, men Bjordal fekk seg ein susar på baksida av knea som visstnok gjorde vondt. Det blir som ein fin trøstepremie på ein måte.

Ellers så vil eg oppmuntre alle til å sjå nøye gjennom timeplanen framover og leggje inn ein kommentar på Erlend sitt innlegg angåande neste trening.

Ha ei god helg alle saman og årsak det litt seine referatet.

Nr.6

4 kommentarer:

Anonym sa...

Sint, men ikkje mindre godt, Arne. Flotte greier. Ser du samanliknar deg sjølv med Riise, men eg synest ikkje du skal vera så streng med deg sjølv. Riise bruker ca. 11 skot for å få nettsus, mens du ikkje treng meir enn ca. 10. Eg har forøvrig flytta deg ut som indreløpar på Montgomery FC og du har hatt ei enorm formkurve. Så då veit me kva posisjon du skal bekle framover.

Anonym sa...

Seint, ikkje sint:)

Anonym sa...

Høyres ut som ei flott økt! Sku ønska eg var der! Er imidlertid skremt over sjokksifra 15 - 2.. Her er det heilt klart nokon knøtar som må gå i seg sjølv!

Anonym sa...

flott referat. eg var jo enav disse som kom til andre kamp denne økten. eg stiller meg bak Bjarte i rekken av sjokkerte gratulanter! 5-2! håper navnene er notert. det lukter jo ikke akkurat backrekke av "2'er" laget!