Som sikkert alle veit, så spelar Brann mot Strømsgodset på måndag. Det vil sei at opp til fleire knøttar kan tenkja seg å vera ein annan plass enn i bingen då. Det eg undrar meg over er om det er mogeleg å stille i stand ei økt ein annan dag. Me har tross alt nettopp lagt bak oss ein lang påskeferie og treng all den treninga me kan få.
Eg tenkjer at me gjer det på følgjande måt: Me tek utgangspunkt i tre dagar; laurdag, sundag og tirsdag. (Laurdag har frå gamalt av fått namnet sitt av at det var på nettopp denne dagen ein lauga(vaska) heimen sin.)
Alle mann svarar då følgjande:
-laurdag: tommel opp/tommel ned
-sundag: tommel opp/ tommel ned
-tirsdag: tommel opp/ tommel ned
På denne måten kan me lett gå inn og telja opp kva dag som passar for flest knøttar.
Mvh.: Han med den nye treningsdressen!
onsdag 9. april 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
9 kommentarer:
lørdag = tommel ned
søndag = tommel ned
tirsdag = tipp topp tommel opp
tja, tror tommel ned for alle dagene for min del. Ikke regn med meg, så får jeg se om jeg rekker trening likevel den dagen det blir.
tommel ned fra meg òg! er på jobb..
Eg kan ikkje i helga...
tommel opp heile vegen
Tommel opp for søndag, resten tommel ned. Til nøds kan da gå på tirsdag om det vert avklara raskt.
tommel ned i helgen. tommel opp for tirsdag.
Eg tel no fem tomlar på tirsdag. Om nokre av dei som ikkje har svart er med byrjar det å likna noko. Me kan vel kanskje klara å leiga inn eit par ekstra i tillegg.
Sannsynlegvis tommel opp tirsdag for meg. Litt slark i kneet men eg trur det skal gå bra.
Legg inn en kommentar