onsdag 2. april 2008

På heimabane!


Måndag 31. mars var skruknøttene endeleg attende i bingen som kun har besøkt oss i våte draumar sidan hausten 2007. Sjølv om ein måtte vedkjenna seg det faktum at bingen på Sverresborg i alle fall ikkje har vorten i betre forfattning sidan sist, var alle høgt oppe og svært nøgde med å vera heima igjen. "There is no place like home"; som dei seier "ower there". Det kunne faktisk sjå ut som om heimkomsten fekk adrenalinet til å pumpe litt vel hardt gjennom nokons lekamar. Ja, det var rett komisk kor mykje knall og fall det vart denne dagen. Den som tydeleg var mest prega av den sitrande spaninga, som følgjer med sesongdebut på festningen, var nok Hans Olav. Han hadde det meir vondt enn godt då han gjekk heim. Elles måtte både Anders og Bjarte gå ned for telling etter at dei hadde freista å nikke lærkula med feil hovud. Den styggaste skaden var det likevel Vegar som pådrog seg, då han freista å sparke ballen på likt med underteikna. Det burde han skjøna at var ein dårleg idè, men me vonar i alle fall han ikkje vart alvorleg skadd og kan stilla til trening igjen om ei veke.

Om ein skal vurdera kvaliteten på økta (og det skal ein jo gjera) så må vel den karaktiserast som grei nok. Det var flerie glimt av fin fotball og minst like mange glimt av mindre fin fotball. Som vanleg var stemninga god med litt dårleg steming inne i mellom. Slik det skal vera. Særskilt vart underteikna litt mutt etter å ha tapt dei to første kampane og han klarte vel også å irretera på seg nokre av lagkameratane med litt Martin Andresen-fakter. Noko Øystein uttrykka missnøye over. Eg legg meg sjølvsagt heilt flat, slik det som regel lønar seg å gjera, og lover å vera snill neste gong. Hans Olav måtte også ein liten tur ned i kjellaren etter å ha fått eit ublitt møte med tyngdekrafta (Andreas), derpå han bytta seg sjølv ut og nytta pausen til sparka ein ball ned til Koengen. Men han kom seg fint opp igjen og tok diverse knall og fall med usedvanleg godt mot. Respekt til Hans Olav.

Som vanleg måtte nokon avslutta økta med å stilje seg i målet med stumpen høgast. Andreas, uheldige Hans Olav og Erlend beit tanngarden samen og lot som om dei ikkje var nervøse. Heldigvis var det ingen som traff Hans Olav, då eg trur det hadde vore tråpen som kunne fått begeret til renne over, men Bjarte plaserte ein skruball midt i blinken til Andreas. Det synest alle var gilt og eg stiller meg i rekkja av gratulantar. Respekt til Bjarte.

Dei som møtte opp var Anders, Andreas, Arne, Bjarte, Morland, Vegard, Arild, Hans Olav, Solsvik og Erlend.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriv sabla godt Thoresen. Dette var kjekk lesning en arbeidsdag.

Anonym sa...

Yo! Scpah at du dealer respekt. Credd for nice piece Tordis...

Anonym sa...

finfint referat erlend...men det var øystein og bjarte som fekk seg ein ekstra ball i sekken den kvelden!

Anonym sa...

Då beklage eg den feilen, Anders. Moro var det uansett.

Anonym sa...

nåja.. moro og moro.....

Anonym sa...

Sitat Øystein Solsvik (2008):

nåja..moro og moro....

Føler Øytein fanger stemningen i situasjonen godt og eg stiller meg bak uttalesen!