fredag 4. april 2008

Store sterke skruknøtter med enormt o2-opptak!


Hei på dykk, knøtter!

Eg kjem med dette med ei rekordtidleg innkalling til måndagens treningsøkt. Grunnen til dette er at eg (Erlend) har (hold dykk fast) tenkt litt. Det eg har tenkt på er korleis me kan verta mest mogeleg kappestridsdyktige i førehald til andre lag. Minna gjekk attende til august 2007 og eit hol i fjellheimen, kalla Dale. Det vart tydleg for meg at her kan me ikkje satsa på brilliante enkeltmannsprestasjonar og korte innsidepassingar. Her kjem me til kort. Eg gjekk ein tur inn i tankjeboksen. Etter nokre augnablunk kom eg ut igjen. "Det er som han seier", tenkte eg. "Me lyt vera den beste utgåva av oss sjølv, og ikkje ein dårleg kopi av nokon andre." Me kan ikkje tileigna oss fantastiske tekninske eigenskapar i ein alder av 25-28 år. Ein kan ikkje læra ein gamal hund nye triks osb. Men noko kan me gjera. Me trenar alt så hardt at det er på grensa til det me kan tåla i forhold til aerobt uthald, så løpskapasiteten skal vera bra. Midt forslag går ut på at me skal få oss nokre digre musklar, slik at det blir skikkeleg vondt å møta oss på slagmarkja. Me skal vinna alle duellane. Og som Arne og Egil plar sei: "dei som vinn duellane, vinn kampen". Så enkelt er det altså. Drit i overstegsfinter og hårgele. Vinn duellen og la motstandaren få kjenna på kroppen at du vant den. "Korleis skal me få dette til", spør du? Eg føreslår at me, frå og med måndag, samlar oss i ein ring midt på banen etter første kamp og kjører push-ups og sit-ups. Eit anna forslag er at me har ein trenar som kvar gong har ansvar for treningsopplegget. Trenarjobben vil då gå på rundgang. Nokon som har noko tankar rundt denne brannfakkelen eg kastar ut i det tørre knøttegraset?

Ein annan ting:
Bjarte med fleir har veldig lust til å spela på ein større bane. Då me var heile ti mann forgje trening ser på dette som eit godt forslag. Dersom me vert så mange også denne gong kan me kjøra ut til Minde/Landås-området og finna oss ein bane der. Det vil seia at dei som har bil må gjera ein innsats.

Kven vil ha store musklar? Kven kjem på trening på måndag? Kven har bil?

7 kommentarer:

Anonym sa...

For et fantastisk forslag. Situps og pushups kan eg jo lite om. Dette har sammenheng med at eg i ung alder, for ordensskyld la oss si midten av tenårene, satset alt på hoftesving og skulder mot skulder. I mitt unge hode fant eg raskt ut at tyngdekrafte er en enkel sak, ergo satset eg hardt på burgerking og ikke ut og spring. No som eg har fått igang o2-opptaket mitt betraktelig er eg gjerne og klar for litt muskler. Pondusen treng fortsatt mange dype tunge løp, men med litt ekstra muskler vil eg jo bli reinaste panzerhagen(the beast) i duellene.
For å få til lange dype løp er det jo ikke så dumt å prøve seg på en større bane heller. Muligens krever dette at vi knytter til oss en større reserveliste som vi kan kalle inn fra gang til gang. Det ideelle er jo å være minst ti men gjerne tolv eller fjorten. 10 funker fint, men av erfaring er det ikke så ofte alle kan komme. Hvem har forslag til reservelistefyll? Sjekk telefonlisten din og gi en tilbakemelding. Nå som solen skinner skulle det vel være grei skuring å lokke folk ut av hiet.

En annen sak som har blitt luftet er følgende: Nå som vi har utvidet laget med en del nye spillere har det oppstått et drakt problem: Først og fremst gjelder dette vester. Dette tror eg Arne allerede er igang med å undersøke?
Videre er det kanskje duket for nye drakter da Vi bare har ti Gule. Litt råflott å unne seg et nytt sett vil noen si, men dog så morro.
Sjekk ut disse sidene så tar vi en prat om dette på mandag:

http://www.silketrykkeriet.no/vis_produkt.php?ptype_ID=16

http://www.jakosport.no/kolleksjon/storefront.php?c1=15891&c2=16056

Anonym sa...

For å svare Erlend først. Eg hater push ups og frykter ein total ydmykelse ettersom me har ein tidligare yrkesmilitær i klubben! Eg stiller meg imidlertid fult og heilt bak forslaget og meiner det er ein jysla god ide!
Sekundært er eg ikkje like sikker på om det er ein god ide og pålegga fleire oppgåver på knøttene. Eit opplegg med trener i bingen har eg rett og slett ikkje tru på. Me har aldri klart å implementere eit system for skriving av treningsreferat, eit system der me har trenar trur eg vil verta enda vanskeligare å få til. Personleg meine eg ikkje dette bør vera eit prioritert område i tida framover.

Underteikna, har ved fleire anledningar lufta ideen med å spela på stor bane. Det er ikkje til å skubba under ein stol at fleire av knøttene ikkje er tennåringar lenger. Både eg, Bjordal og Erlend meiner alle at me har hatt fysiske plager som kan sporast tilbake til bingens harde underlag i løpet av vinteren. Dette kan gjelde andre og, det er i alle fall ingen tvil om at det vart ein del knall og fall no på måndag som ein ikkje hadde hatt dersom me ikkje hadde hatt eit stort tregjerde rundt oss. Eg meiner det vil gi ein god helsemessig effekt, men og at det vil og gi ein effekt på spelarglede og ikkje minst spelarutviklinga å få prøva seg på eit større areal. Eg tykkjer me må prøva å få til meier spel på større bane.

Det leder meg vidare til siste sak. Oppmøte på måndag var eksepsjonelt, men kan me forventa eit slik oppmøte kvar veke? Skal eg ta ein liten kikk i glasskulo mi vil eg sei nei. Dessverre.
Skruknøttene er ein dynamisk organisasjon i rivande utvikling. Og me står ved eit veivalg. Skal me bli større og gå over til stor bane på treningane. (Vil krevja ca 15 spelarar, då kan me spela sjølv om 5 ikkje kjem) Eller skal me sei oss nøgd med bingsituasjonen og den gjengen me er per i dag? Slik eg ser det er dette det viktigaste spørsmålet Skruknøttene står ovanfor i tida framover. Dersom det ikkje er ei brei støtte bak utviding av spelarmassen og flytting av treningane til stor bane, trur eg me gjer lurt i drita i heile planane. Med ein gong folk oppfattar det som eit ork å gå å spela fotball med knøttene trur eg opppmøte vil verta dårlegare og då hjelp det lite om me er ti eller 15…

Anonym sa...

Eg komme på trening neste mandag... Sorry Erlen, men eg trur push-ups ein gong i veka funkar dårlig for å få opp muskelmassen til dette laget. Eg e jo selvfølgelig klar for å trena meir viss nokon ynskjer å bli med på det, men ein gong i veka verkar nyttelaust.

Anonym sa...

ErlenD... litt feil her:)

Anonym sa...

Ein treng vel ikkje lesa mellom linjene for å skjøna at forslaget mitt fall i dårleg jord (for ikkje å sei på steingrunn). Eg er litt redd for at dette betyr at me vil forbli eit lag på på nedre halvdel av tabellen, men om me trives der er det ingen grunn til å legga pinnar i kross.

Anonym sa...

for å ta det siste først! Ja, eg vil ha større muskla. Ja, eg komme på mandag. Ja, eg har bil og kjøre gladeleg til ein større bane! når da gjelde da andra so tru eg da mesta e blitt sagt, so får me ta detaljane på mandag:)

Anonym sa...

Eg kjem. Mitt fokus for økten skal være hvordan unngå å score to selvmål slik at seieren kan bli enda mer ydmykende.