tysdag 29. april 2008

Som ein gullfisk



Kva i all verden skal dette bety, tenkjer du kanskje no! Ja, eg dømer deg ikkje for å gjere deg slike tankar. Men eg lar dette innlegget gå inn i rekkja av referat frå bingen. Det var nemlig i utgongspunktet ein fin dag å spele fotball på no på måndag. Litt regn i lufta, noko som gjer at banen nesten garantert står til vår disposisjon når me stiller friske og fine. Fotball vart det, men eg ynskjer no å bruke resten av referatet til å fortelje ei myte. Og her trengs det naudsynleg ein begrepsforklaring. Ei myte er nemleg ikkje noko som ikkje er sant, slik som mange tenkjer. "Dette er berre ei myte" -seier dei og nappar seg i skjegget. Nei, ei myte er ein djupare form for sanning. Så la no dette liggja til grunn for det som vert sagt.

Det har seg nemleg slik at dersom du puttar ein gullfisk i ei bolle med vatn, så har du allereie satt grensene for kor stor fisken skal verta. Ein gullfisk vert aldri større en størrelsen på bolla. Og for dei som har fulgt litt med i fiskeverdenen, veit dei at gullfiskar faktisk kan verta ganske store. I følge wikipedia.org heiter det at gullfisken er et relativt lite medlem av karpefamilien og når en maksimal lengde på 59 cm og en vekt på 3 kg. Dei som har vore på besøk hos Bjarte Børtveit, han som av og te har vore med på trening, har kanskje sett at gullfisken hans verken er 59 cm eller 3 kg. Dette betyr at Bjarte hindrar Neptun (som fisken heiter) i å utvikle seg til å verta ein større fisk.
De skjønar kanskje kvar eg vil? Etter at temaet har vore oppe fleire gongar må eg no seia at eg er litt lei av at det ikkje skjer noko med FF Skruknøttene. Me stampar rundt i dei same bingane måndag etter måndag. Problemet er at om me ynskjer å vera eit lag med progresjon må me flyttast over i ei større bolle. Eller kanskje faktisk ein damm. Eg ynskjer ikkje vera ein gullfisk på 30 gram, eg vil vera ein gullfisk som har potensial til å nå kiloet og vel så det.
Dette for å setja tankane litt i sving igjen.
-arne

5 kommentarer:

Anonym sa...

PS! Eg har handla seks nye markeringsvestar til laget, det vil seie at eg har hatt ei utgift på vel 170 NOK inkl. porto. Fint om de kan ta med ein tjuekronar på neste trening. Det er nemlig ikkje rekna inn som ein del av min tiande til menigheten.

Anonym sa...

Nydelig innlegg Arne! Nydeleg! Mang ein dag står eg over Neptuns bolle og tenker med meg sjølv: Om du bere hadde hatt muligheten til å symja i større vatn, tenk for ein fisk du ville ha blitt! På ei anna side kven vil ha ein 3 kilos sulten fisk i stova?
Unnsett er eg viss på at ein større bolle ville gitt knøttane rom til å verta betre fotballspelarar. Erlend trur enda han kunne ha spela på Liverpool dersom far hans hadde pusha han litt hardare.. No er me imidlertid så vaksne at me må ta ansvar for eiga læring. AFEL som Erlend, Vegard og Bjordal kallar det... Eg tykkje Knøttane må ta AFEL og finna seg ein større bane!

Anonym sa...

Større bane er absolutt en kjempe ide. Men da er det to ting som må skje. Nr.1 Børtveit må komme på trening, selv når vi spiller i bingen! Nr.2 vi må gjerne utvide stallen enda mer? eventuelt se om det er noen andre vi kan spille treningskamp mot en gang i uken? Det hadde jo vært helknall. men er det noen andre som driver som oss? Eg vet ikke om noen. men Kanskje andre knøtter kjenner noen spillesugne?

Anonym sa...

Sitat Bjordal: Nr.1 Børtveit må komme på trening, selv når vi spiller i bingen!
1.At folk prioriterer andre ting enn trening, må du og alle andre knøttar bere innfinna dykk med. Blir for dumt vist alle alltid må forsvare kvifor dei ikkje kjem. Det er ikkje opp til andre å bedømme om kvar enkelt har gode nok unnskyldningar. Det syns eg kvar spelar skal få lov til å bedømma sjølv…

2. Eg kjem ikkje på trening om me spelar i binge eller på gras før tidligast 26 mai.
Årsak: Det kan Bjordal med fleire drite i :-)!

3. Eg har prøvt å sjekka opp Vertshuscupen og det kan tyde på at påmeldingsfristen allereie har gått ut… eg er imidlertid langt frå sikker, men me må uansett begynna å sjå på kven og når folk har tid å gjennomføra sommarens største eventyr…Fotballcup med Skruknøttene!

4. Viste ikkje Arne om ein gjeng som ville spela mot oss?

Anonym sa...

Eg veit eg kunne spelt på Liverpool. Ikkje berre kunne eg spelt på Liverpool, men hadde far min vore ein betre far hadde eg faktisk leia laget til finalen i kveld. Så om ein trekk lange linjer kan ein skulda på far min om Liverpool ryk ut i kveld. Det kan jo vera ei trøst for Riise.