
Det er ein ny kvardag for knøttene no. Den vante tirsdagstreninga er ein saga blott, og ei samrøyra med kalvar av ulikt kaliber på gulstripa plast ute i trabanten er vår nye kvardag. Det kan vera mykje godt som kjem med forandring, men ein lyt i blant stoppa opp og tenkja over det som har vore også. Ein står i fare for å verta melankolsk, men det handlar om å vera medviten om kvar ein kjem ifrå. Ein skal ikkje gløyma sine røter.
Eg ynskjer å komma med eit forslag. Så kan ein kvar omfamna det eller slå det til jorda.
Skal me ikkje freista å samla saman ekta knøttar til ei ordentleg hyggestund, der me pleiar gamalt venskap og mimrar om dei gode åra me har delt? Eg ser for meg at me finn ein laurdag på nyåret, der utflyttarar som har ynskje og høve kan hiva seg på gassferjo og tilslutta seg troppane. Kanskje har dei med seg både fotballtøy og festtøy.
Eg kastar ballen opp i lufta og håpar nokon tar imot.
Mvh. Erlend